
Utvikling og samkøyring av kompetanse og undervisningsressursar om samiske tema i lærarutdanninga
Beskrivelse
I dette prosjektet har vi som mål å styrke undervisninga i samisk innhald på tvers av faga i lærarutdanninga. Vi vil både styrke kompetansen til faglærarane og studentane våre – ved hjelp av ein lesering for faglærarar og å utvikle nye undervisningsressursar. Undervisningsressursane skal vi delvis utvikle saman med studentane. I tillegg er eit viktig mål med prosjektet at faglærarar frå ulike fagseksjonar ved universitetet får kjennskap til arbeidet med samisk innhald ved andre seksjonar – og at vi arbeider for å skape ein god progresjon for lærarstudentane gjennom det femårige utdanningsløpet og på tvers av dei ulike faga.
I første fase av prosjektet skal vi skape ei felles oversikt over arbeidet som blir gjort med samisk innhald i dei ulike fagseksjonane, og kva kompetanse kvar og ein sit med. Dette blir ei innleiing til ein felles lesesirkel der vi skal utforske samiske og urfolksperspektiv generelt og fagspesifikt.
I andre fase skal vi utvikle nye undervisningsopplegg som vi skal bruke og prøve ut med studentane i undervisninga. Delvis blir dette gjort _saman med_ studentane.
Ved sidan av kompetanseheving, samkøyring og utvikling av undervisningsressurar legg vi i prosjektet vekt på å utvikle rutinar for eit tettare samarbeid blant faglærarar ved barnehagelærarutdanninga (BLU) og grunnskolelærarutdanninga (GLU) på Nord universitet, både via prosjektarbeidet og ved å utvikle eit felles digitalt ressursrom knytt til samiske tema på tvers av utdanningsløpa. Vi legg også stor vekt på tverrfagleg samarbeid og nettverksbygging med andre institusjonar.
Prosjektgruppa frå grunnskolelærarutdanninga ved Nord ser slik ut:
- Inger Johansen (prosjektleiar), universitetslektor i norsk og sørsamisk koordinator
- Anne Kathrine Hundal, førsteamanuensis i norsk
- Anne Margrethe Amundsen Steen, universitetslektor i pedagogikk
- Hege Elisabeth Dahl Edvardsen, universitetslektor i pedagogikk
- Ingvill Bjørnstad Åberg, førsteamanuensis i samfunnsfag
- Øystein Lydik Idsø Viken, førsteamanuensis i samfunnsfag
- Anna Marie Holand, førsteamanuensis i naturfag
- Mari Solberg Jensen, universitetslektor i matematikk
Prosjekteiere
Nord - Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag
Dembra har samarbeidet med Nord universitet i forsknings- og utviklingsprosjekter.
Kontaktpersoner

