Hopp til hovedinnhold
Forskning og utvikling (FoU)
Fleirkulturell pedagogikk og intergenerasjonell opplæring i møte med nykomne elevar og familiane deira
SatsingTilpasset opplæring – økt profesjonskompetanse om inkluderende praksiser i lærerutdanningen
Forskning og utviklingProsjekt

Fleirkulturell pedagogikk og intergenerasjonell opplæring i møte med nykomne elevar og familiane deira

Beskrivelse

Føremålet med prosjektet er å modellere ein fagdidaktisk metodikk for lærarstudentar som fremjar inkludering og læring for elevar i innføringsklassar. Dette vil gjerast gjennom å utvikle og teste ut ein familieopplæringsmodell, der skule-heim-samarbeid står heilt sentralt. Prosjektet er eit tverrfagleg samarbeid mellom norsk- og samfunnsfag, og tek utgangspunkt i fleirspråklegheit som ressurs og vidare i den kritiske fleirkulturelle pedagogikken. Begge perspektiva vektlegg viktigheita av at undervisning og læring må ta utgangspunkt i elevars samla språklege og sosiokulturelle repertoar, der undervisning og lærestoff bygger på kompetansar og erfaringar som elevar og familiane deira har med seg inn i opplæringa.

Eit slikt arbeid føreset mellom anna at føresette blir involverte for å sikre reell medverknad. Sidan mange av dei føresette sjølve er deltakarar i vaksenopplæringa, vil utviklinga av undervisningsopplegg som støttar opp om intergenerasjonell opplæring, gjere koplinga mellom dei to opplæringskontekstane tettare.

I løpet av prosjektperioden skal vi utvikle og teste ut undervisningsopplegg om demokrati og medborgarskap. Opplegga skal utviklast i samarbeid med elevar i ei innføringsklasse, deira føresette, lærarar og forskarane i prosjektet. Elevar og føresette vil difor blir inviterte til å delta i dialogmøte der vi samtalar om og utforskar ulike perspektiv på demokrati og medborgarskap. Undervisningsopplegga skal inkludere fagdidaktisk og fleirkulturell pedagogikk som fremjar inkludering og læring for alle elevar, og vektlegg eit godt skule-heim-samarbeid. I dette arbeidet vil vi også invitere inn masterstudentar frå norsk, norsk som andrespråk og samfunnsfag som medforskarar, og på denne måten legge til rette for at dei kan teste ut opplegga som ein del av masterarbeidet sitt.

Til slutt i prosjektet vil vi arrangere verkstader med lærarstudentar i grunnutdanninga, samt studentar som studerer norsk som andrespråk i etter- og vidareutdanning for å kvalifisere som lærarar i vaksenopplæringa. Gjennom eit tett samarbeid mellom elevar, føresette, praksisfeltet, forskarar og studentar, ønskjer vi å utvikle kunnskap om korleis vi kan legge til rette for tilpassa opplæring gjennom intergenerasjonell læring.

Deltakararar

  • Trude Bukve, HVL
  • Edit Bugge, UiB
  • Guri Bordal Steien, OsloMet
  • Monica Hauge Skaten, HVL

Prosjekteiere


Kontaktpersoner