Om økten
Mål
- Lære om fredsarbeid på grasrotnivå i Midtausten, og lage eigne fredsinitiativ.
I media høyrer ein mykje om krig og ufred i Midtausten. Det er viktig å også lære om fredsinitiativa som finst. Både for å ikkje miste håpet, men òg for å få eit meir nyansert bilde av folka som bur der – og folk med bakgrunn frå Midtausten som bur andre stader. Opplegget finst i to variantar, ein for mellomtrinnet og ein for ungdomstrinnet.
Forberedelse
I denne økta skal elevane starte å planlegge eit fredsprosjekt. Her kan ein involvere musikkfaget, og prosjektet kan vare over lenger tid. Økta er ein del av læringsstien Make Hummus not Walls. Øktene i læringsstien passar saman, men kan òg brukast kvar for seg.
Gjennomføring
For mellomtrinnet
- 1
Aktivitet 1 – Å bruke eigne evner til å jobbe for fred.
1. Aktivitet 1 – Å bruke eigne evner til å jobbe for fred.
Sjå youtubesnutten om Chefs for Peace i lag med heile klassen. For å finne ut meir om Chefs for peace, besøk nettsida deira.
Diskuter:
- Kva kunne ha vore motivasjonen til kokkane då dei oppretta organisasjonen?
- Kva kan dei få til med aktivitetane dei gjer?
- Kokkane kan lage mat, men jobbar for fred og forsoning. Kva kan elevane, som dei kan bruke til å jobbe for fred?
- 2
Aktivitet 2 – Barn som engasjerer seg for kvarandre.
2. Aktivitet 2 – Barn som engasjerer seg for kvarandre.
Fortel elevane om Neve Shalom/Wahat al-Salam (fredens oase) . Dette er ein landsby i Israel kor palestinarar og israelarar lever saman, og kor dei snakkar og underviser i både hebraisk og arabisk på skolen.
NRK har skrive ein artikkel om nokre av elevane på skolen: Ahava (12): – Jeg hater rasisme mot min palestinske venninne . Eventuelt kan du dele ut NRK-artikkelen, og la dei lese den i grupper.
Om du vil la elevane bli kjent med fleire organisasjonar og prosjekt som jobbar med fred og/eller dialog i regionen, kan du velje ut ein eller fleire frå lista i Aktivitet 3 i ungdomsskoleopplegget. Utforsk med elevane.
- 3
Aktivitet 3: – Planlegg eit eige fredsprosjekt!
3. Aktivitet 3: – Planlegg eit eige fredsprosjekt!
I dei ulike fredsprosjekta har menneske brukt det dei er gode på for å bidra til fred og sosial utvikling. Prosjekta over inneheld mellom anna kokkar, rabbinarar, bønder, akademikarar, lærarar og munkar.
Kva er elevane gode på, som dei kan bruke til eit fredsprosjekt?
Det kan vere eit prosjekt som skal spreie kunnskap om eller samle inn pengar til ei sak, eller noko som kan bygge bru over motsetningar i lokalsamfunnet. Elevane har allereie i aktivitet 1 byrja å sjå på ting dei kan som dei kan bruke i fredsarbeid.
- La dei skrive ned individuelt kva dei interesserer seg for, om det er fotball, influensarar, gaming eller matte.
- Etterpå set dei seg saman i grupper, og drodlar rundt idear til ting dei kan gjere knyta til dei ulike interessene sine.
- 4
Aktivitet 4: – Samarbeid med musikkfaget.
4. Aktivitet 4: – Samarbeid med musikkfaget.
I økt 1 i læringsstien «Make hummus not walls», lærer elevane om hippieslagordet «Make love not war». Denne kunnskapen kan koplast saman med fredsprosjektet elevane byrja på under aktivitet 3 ved å lære songen «Make love not war» av John Lennon. Den er lett å lære, og fungerer med alt frå ei stemme og ein gitar, til eit kor med orkester.
Bruk songen i ei førestilling med eit bodskap elevane vil fremje, eller til inntekt for ei sak dei synest er viktig. Kanskje kjem det opp eit prosjekt i aktivitet 3 som kan kombinerast med dette, som munnar ut i ein fredsdag eller -veke for skolen?
For ungdomstrinnet
- 1
Aktivitet 1 – Å bruke eigne evner til å jobbe for fred.
1. Aktivitet 1 – Å bruke eigne evner til å jobbe for fred.
Sjå youtubesnutten om Chefs for Peace i lag med heile klassen. For å finne ut meir om Chefs for peace, besøk nettsida deira.
Diskuter:
- Kva kunne ha vore motivasjonen til kokkane då dei oppretta organisasjonen?
- Kva kan dei få til med aktivitetane dei gjer?
- Kokkane kan lage mat, men jobbar for fred og forsoning. Kva kan elevane, som dei kan bruke til å jobbe for fred?
- 2
Aktivitet 2 – Barn som engasjerer seg for kvarandre.
2. Aktivitet 2 – Barn som engasjerer seg for kvarandre.
Fortel elevane om Neve Shalom/Wahat al-Salam (fredens oase) . Dette er ein landsby i Israel kor palestinarar og israelarar lever saman, og kor dei snakkar og underviser i både hebraisk og arabisk på skolen.
NRK har skrive ein artikkel om nokre av elevane på skolen: Ahava (12): – Jeg hater rasisme mot min palestinske venninne . Eventuelt kan du dele ut NRK-artikkelen, og la dei lese den i grupper.
- 3
Aktivitet 3: – Utforsk fleire organisasjonar og prosjekt.
3. Aktivitet 3: – Utforsk fleire organisasjonar og prosjekt.
Del elevane opp i grupper, og tildel kvar gruppe eit av prosjekta under, som arbeider med fred, håp eller dialog. Elevane skal undersøkje og finne informasjon om organisasjonen/prosjektet og presentere for resten av klassen.
Her er nokre spørsmål elevane kan ta med seg inn i arbeidet:
- Kven har starta dette prosjektet?
- Kven ønsker dei å nå? Kven kan vere med i organisasjonen/prosjektet?
- Kvar jobbar dei? I kva land? I kva type miljø? Jobbar dei på nett?
- Kva gjer dei i prosjektet for å bygge fred og/eller skape dialog?
- Kva for eigenskapar bruker dei i arbeidet?
- Trur du at denne måten å jobbe på kan bidra til fred? I så fall, kvifor og korleis? Eller kvifor ikkje?
- Kunne du ha vore med på eller gjort noko liknande?
MEET - Middle East Entrepreneurs of Tomorrow
Vidaregåandeelevar deltek i eit 3-årig utdanningsløp utvikla av Massachusetts Institute of Technology (MIT). Gruppa med elevar er balansert mellom ulike kjøn, og likt fordelt mellom israelarar og palestinarar. Dei får opplæring i datateknologi, entreprenørskap og leiartrening, og programmet skal bidra til at dei kan gjere ein sosial forskjell i lokalsamfunna sine.Seeds of Peace
Organisasjonen organiserer sommarleir i Maine i USA for ungdommar på tvers av konfliktar, mellom anna frå Israel og Palestina. Dei gjennomfører òg leiartreningsprogram lokalt der ungdommane bur.Peace Now
Ein israelsk organisasjon som jobbar for at palestinarar skal få sin eigen stat ved sida av Israel, den såkalla tostatsløysinga. Dei overvakar og rapporterer om ulovlege israelske busetnadar på palestinsk territorium.Joint Advocacy Initiative
Eit felles prosjekt mellom palestinsk YWCA og YMCA kor dei mellom anna inviterer verdssamfunnet til å bli med på oliventreplanting og olivensanking på Vestbredden for å støtte palestinske bønder, og spreie håp.Breakingthesilence
Tidlegare soldatar i det israelske forsvaret bryt stillheita, og fortel om menneskerettsbrot dei var med på i militæret. De jobbar for offentleg samtale om kva som skjer på okkuperte palestinske område, og held førelesingar, husmøte og andre arrangement der dei fortel om erfaringa sine.Rabbis for Human Rights
Israelsk organisasjon med rabbinarar som engasjerer seg for menneskerettane til sårbare grupper i Israel og dei okkuperte palestinske områda. Dei arbeider óg for dialog og toleranse mellom forskjellige religionar.Friends of Roots
Israelarar og palestinarar jobbar ilag for å fremje forståing og fred mellom folka. Dei arrangerer mellom anna dialogmøte fleire gonger i månaden, der deltakarane kan snakke ilag om alt ein er ueinig om.Women Wage Peace
Den største grasrotbevegelsen for fred i Israel. Dei legg press på myndigheitene for å finne fredelege løysingar. Mellom anna har dei med partnarorganisasjonar som palestinske Women of the Sun laga oppropet “Mothers Call”, som er ei underskriftskampanje og marsj for fred. - 4
Aktivitet 4: – Planlegg eit eige fredsprosjekt!
4. Aktivitet 4: – Planlegg eit eige fredsprosjekt!
I dei ulike fredsprosjekta har menneske brukt det dei er gode på for å bidra til fred og sosial utvikling. Prosjekta over inneheld mellom anna kokkar, rabbinarar, bønder, akademikarar, lærarar og munkar. Kva er elevane gode på, som dei kan bruke til eit fredsprosjekt? Det kan vere eit prosjekt som skal spreie kunnskap om eller samle inn pengar til ei sak, eller noko som kan bygge bru over motsetningar i lokalsamfunnet.
Elevane har allereie i Aktivitet 1 byrja å sjå på ting dei kan som dei kan bruke i fredsarbeid.
- La dei skrive ned individuelt kva dei interesserer seg for, om det er fotball, influensarar, gaming eller matte.
- Etterpå set dei seg saman i grupper, og drodlar rundt idear til ting dei kan gjere knyta til dei ulike interessene sine.
- 5
Aktivitet 5: – Samarbeid med musikkfaget.
5. Aktivitet 5: – Samarbeid med musikkfaget.