Om økten
Mål
- Forstå kva slagordet «Make hummus not walls» kan bety, og lære om hummus si betydning i Midtausten
- Tolke slagord i kontekst av kultur og historie
På separasjonsmuren i Betlehem har nokon tagga «Make hummus not walls». Dette er eit ordspel på hippieslagordet «Make love not war». I desse undervisningsøktene blir klassen kjent med begge slagorda, og med kva hummus er.
Forberedelse
I denne økta skal elevane diskutere kva dei ser og tolkar i to ulike bilde. Dette kan gjerast gruppevis, eller som ein heilklassesamtale. Ein kan også bruke IGP-metoden (individuell-gruppe-plenum), altså at elevane først tenker aleine, så snakkar ilag i ei mindre gruppe, for så å snakke i plenum. Instruksen under tar utgangspunkt i ein plenumssamtale, altså med heile klassen.
Du kan laste ned arbeidsark for økta, med alle bilde og lenker, her:
Gjennomføring
- 1
Aktivitet 1 — Make hummus not walls
1. Aktivitet 1 — Make hummus not walls
Vis fram bildet av graffitien på separasjonsmuren i Betlehem. Forklar kvar muren står, og at den er sett opp av israelske myndigheiter.
Spør elevane:
- Kva ser dei på bildet?
- Korleis tolkar dei utsegna «Make hummus not walls»?
- Kva er hummus?
- Kvifor har nokon skrive dette på akkurat denne muren?

Foto: Jasdeep SH / Wikimedia Commons - CC BY-SA 4.0 - 2
Aktivitet 2 — Make love not war!
2. Aktivitet 2 — Make love not war!
Vis fram bildet med slagordet «Make love not war» (motivet er frå ein demonstrasjon mot Irak-krigen).
Spør elevane:
- Har dokker høyrd slagordet «Make love not war» før?
- Kva betyr omgrepet «to make love»?
Forklar at dette slagordet oppstod i den såkalla hippierørslai USA i 1965. Dette var ei ungdomsrørsle som var imot krigen som USA førte i Vietnam. Dei var også imot det dei såg på som gammaldagse og strenge haldningar til sex og seksualitet. Dei var for ei seksuell frigjering. «To make love» betyr å ha sex. Samtidig handlar «love» i denne samanhengen om kjærleik som eit motsvar til hat og krig.

Foto: Danielle Buma / Wikimedia Commons - CC BY 2.0 - 3
Aktivitet 3 — Samanlikn dei to slagorda
3. Aktivitet 3 — Samanlikn dei to slagorda
Gå tilbake til det første bildet. Spør elevane:
- Har tolkinga dokkar av slagordet «Make hummus not walls» endra seg etter å ha lært om slagordet det er tufta på?
- Kvifor/kvifor ikkje?
- 4
Aktivitet 4 – Hummus i Midtausten
4. Aktivitet 4 – Hummus i Midtausten
Finn ut meir om hummus og retten si betydning i Midtausten ved å sjå desse to dokumentartrailerane. Dokumentarane handlar om hummus og motsetningar og likskapar mellom folk i Midtausten:
- 5
Aktivitet 5 — Hummus og grafitti
5. Aktivitet 5 — Hummus og grafitti
Vel eitt eller begge av alternativa nedanfor.
Alternativ 1
La elevane lage eigne slagord på engelsk. Lag plakatar, og heng dei opp i klasserommet. Til inspirasjon kan du vise enda eit eksempel på ei omskriving av hippieslagordet:

Foto: Hladnikm / Wikimedia Commons - CC BY-SA 4.0 Alternativ 2
Hald eit miniforedrag om «the war on hummus», striden mellom Israel og Libanon om hummus sitt opphav, som enda med at Libanon hamna i Guinness rekordbok for verdas største porsjon med hummus. Her er nokre moglege kjelder, som seier litt ulike ting:
- Who invented hummus? (bbc.com)
- Give Chickpeas A Chance: Why Hummus Unites, And Divides, The Mideast : The Salt (NPR)
- Origins of Hummus (youtube.com)
- Hummus in the Holy Scriptures: A Culinary Mystery (Pilgrimaps)
For ungdomsskole
Om elevane er fagleg sterke i engelsk, kan du dele dei i grupper, og gi dei ei kvar av kjeldene over. Kvar gruppe har kvar sin vesle presentasjon om «the hummus wars» og opphavet til hummus. Dette er ei øving i kjeldekritikk.
Videre arbeid
- Undervisningsøkt60 - 180 min
Midtausten inspirerer til fred!
Kunnskap og kritisk tenkning

