Om læringsstien
Mål
- Lære om matkultur og fredsarbeid i Midtausten
- Lære om korleis fredsslagord kan påverke på tvers av kulturar
- Læringsstien er tverrfagleg, og består av 3 økter i faga engelsk, samfunnsfag, og mat og helse. I økt 2 kan du også kople inn musikkfaget.
- I økt 2 skal elevane starte å planlegge eit fredsprosjekt. Her kan ein involvere musikkfaget, og prosjektet kan vare over lenger tid. Øktene i læringsstien passar saman, men kan òg brukast kvar for seg.
- Ingen av øktene gir djup historisk kunnskap om Palestina/Israel-konflikten. Læringsstien gir ein moglegheit til å nærme seg dette temaet gjennom humaniserande perspektiv som matkultur og fredsarbeid.
Forberedelse
Ver førebudd på at det kan kome spørsmål om krigshandlingane frå elevane, og oppstå samtalar om dette. Sjå gjerne på Syv tips til samtalen om Israel og Palestina for å førebu deg på dette. For å kunne gi elevane nok kontekst i “Hummus og grafitti”, bør du også lese deg litt opp på kva separasjonsmuren i Betlehem er.
Gjennomføring
- 1
- 2Undervisningsøkt60 - 180 min
Midtausten inspirerer til fred!
Kunnskap og kritisk tenkning - 3

